Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 17:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då det leid av ei tid, samla filistarane hærane sine til strid. Dei kom saman ved Soko i Juda og slo leir attmed Efes-Dammim, mellom Soko og Aseka.

2. Saul og israelittane samla seg òg. Dei slo leir i Terebintedalen og fylka seg til strid mot filistarane.

3. Filistarane stod i den eine fjellskråninga og israelittane i den andre, så dalen var mellom dei.

4. Best det var, kom det fram ei holmgangskjempe frå filistarfylkinga. Mannen heitte Goliat og var frå Gat. Han var over ni fot høg.

5. På hovudet hadde han ein bronsehjelm, og han var kledd i ei skjelbrynje av bronse, som vog fem tusen sekel.

6. På leggene hadde han bronsespjelkar, og på ryggen bar han eit kastespyd av bronse.