Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 16:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herren sa til Samuel: «Kor lenge vil du syrgja over Saul? Eg har då vraka han og vil ikkje ha han til konge over Israel. Fyll hornet ditt med olje og far i veg! Eg sender deg til Isai i Betlehem; for eg har sett meg ut ein av sønene hans til konge.»

2. Men Samuel svara: «Korleis kan eg fara dit? Får Saul høyra det, drep han meg.» Då sa Herren: «Ta med deg ei kvige, og sei at du kjem og vil ofra til Herren.

3. Bed så Isai til offerhøgtida! Sidan vil eg seia deg kva du skal gjera, og den eg då nemner, skal du salva for meg.»

4. Samuel gjorde som Herren hadde sagt. Då han kom til Betlehem, gjekk dei eldste i byen skjelvande imot han og spurde: «Varslar det godt at du kjem?»

5. Han svara: «Ja, det varslar godt; eg kjem og vil ofra til Herren. Helga dykk og ver med meg til offerhøgtida!» Så helga han Isai og sønene hans og bad dei vera med til høgtida.

6. Då dei så kom, og han fekk sjå Eliab, tenkte han: «Her, framfor Herren, står den han vil salva.»

7. Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren! For eg har vraka han. Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta.»

8. Då ropa Isai på Abinadab og lét han gå fram for Samuel. Men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.»

9. Så lét Isai Sjamma gå fram; men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.»

10. Såleis lét Isai sju søner gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: «Herren har ikkje valt ut nokon av desse.»

11. Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Men han er ute og gjæter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi går ikkje til bords før han kjem.»

12. Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt og bjartøygd, og vent vaksen var han òg. Då sa Herren: «Reis deg og salva han! For han er det.»

13. Då tok Samuel oljehornet og salva han der han stod mellom brørne sine. Frå den dagen kom Herrens Ande over David og var med han sidan. Så tok Samuel ut og fór heim att til Rama.

14. Herren tok sin Ande frå Saul og sende ei vond ånd, som skræmde han.