Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 14:46-52 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

46. Så drog Saul oppetter og forfylgde ikkje filistarane meir, og filistarane fór heim til sitt land.

47. Då Saul hadde fått kongsmakt i Israel, førte han krig mot alle fiendane sine rundt ikring: mot moabittane, ammonittane og edomittane, mot kongane i Soba og mot filistarane. Og kvar han vende seg, vann han siger.

48. Saul gjorde storverk; han slo amalekittane og berga Israel frå dei som plyndra det.

49. Sønene til Saul var Jonatan, Jisjvi og Malkisjua. Han hadde to døtrer; den eldste heitte Merab og den yngste Mikal.

50. Kona til Saul heitte Akinoam; ho var dotter til Akima’as. Hærføraren hans heitte Abner; han var son til Ner, Sauls farbror.

51. For Kisj, far til Saul, og Ner, far til Abner, var begge søner til Abiel.

52. Striden mot filistarane var hard så lenge Saul levde. Og når Saul såg sterke og djerve menn, tok han dei i si teneste.