Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 14:42-51 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

42. Så sa Saul: «Kast lodd mellom meg og Jonatan, son min!» Og loddet fall på Jonatan.

43. Då sa Saul til Jonatan: «Fortel meg kva du har gjort!» Jonatan fortalde han det: «Eg tok litt honning på enden av staven som eg hadde i handa, og smaka på den. Her står eg; eg er budd på å døy.»

44. Saul sa: «Gud la det gå meg ille både no og sidan om du ikkje må døy etter dette, Jonatan.»

45. Men folket sa til Saul: «Skal Jonatan døy, han som har vunne denne store sigeren for Israel? Det må aldri henda! Så sant Herren lever: Ikkje eit hår skal verta skadt på hovudet hans! For det er med Guds hjelp han har gjort det han har gjort i dag.» Såleis berga folket Jonatan, og han slapp døy.

46. Så drog Saul oppetter og forfylgde ikkje filistarane meir, og filistarane fór heim til sitt land.

47. Då Saul hadde fått kongsmakt i Israel, førte han krig mot alle fiendane sine rundt ikring: mot moabittane, ammonittane og edomittane, mot kongane i Soba og mot filistarane. Og kvar han vende seg, vann han siger.

48. Saul gjorde storverk; han slo amalekittane og berga Israel frå dei som plyndra det.

49. Sønene til Saul var Jonatan, Jisjvi og Malkisjua. Han hadde to døtrer; den eldste heitte Merab og den yngste Mikal.

50. Kona til Saul heitte Akinoam; ho var dotter til Akima’as. Hærføraren hans heitte Abner; han var son til Ner, Sauls farbror.

51. For Kisj, far til Saul, og Ner, far til Abner, var begge søner til Abiel.