Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 14:32-41 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

32. Dei kasta seg over hærfanget, tok sauer og oksar og kalvar, slakta dei på marka og åt kjøtet med blodet i.

33. Det kom nokre menn til Saul og sa: «Folket syndar mot Herren; dei et kjøt med blod i.» Då sa Saul: «De har vore trulause; velt no hit ein stor stein!»

34. Så sa han: «Gå ikring mellom folket og sei til dei at kvar og ein skal koma hit til meg med oksen sin eller lammet sitt og slakta og eta dei her. Dermed treng dei ikkje eta kjøt med blod i og såleis synda mot Herren.» Då kom kvar mann i hæren med oksen sin og slakta han der om natta.

35. Og Saul bygde eit altar for Herren. Det var det fyrste altaret han bygde for Herren.

36. Sidan sa Saul: «Lat oss setja etter filistarane i natt og herja mellom dei til dagen renn. Lat oss øyda dei ut til siste mann!» Dei svara: «Gjer i alle måtar som du synest.» Men presten sa: «Lat oss fyrst stiga fram for Gud!»

37. Så bad Saul Gud om råd: «Skal eg fara nedover etter filistarane? Vil du gje dei i Israels vald?» Men Gud svara han ikkje den gongen.

38. Då sa Saul: «Kom hit, alle hovdingar i folket! Ransak og finn ut kva det er for ei synd som er gjord i dag.

39. For så sant Herren lever, han som gjev Israel siger: Om det så er Jonatan, min eigen son, som ber skulda, skal han døy.» Men ikkje ein i hæren svara han.

40. Då sa han til heile Israel: «Stå de på den eine sida, så skal eg og Jonatan, son min, stå på den andre.» Folket svara: «Gjer som du synest.»

41. Då sa Saul til Herren, Israels Gud: «Lat sanninga koma fram!» Og loddet fall på Jonatan og Saul, men folket gjekk fritt.