Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 14:12-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Mennene på forposten ropa til Jonatan og våpensveinen hans: «Kom opp til oss, så skal vi seia dykk noko.» Då sa Jonatan til våpensveinen: «Fylg meg, for Herren har gjeve dei i Israels vald.»

13. Så kleiv Jonatan opp på hender og føter, og våpensveinen fylgde. Jonatan hogg dei ned, og våpensveinen kom etter og gjorde det av med dei.

14. I dette fyrste åtaket som Jonatan og våpensveinen hans gjorde, felte dei om lag tjue mann på ei vidd som svarar til halvparten av det som kan pløyast på ein dag.

15. Då kom det redsle over heile hæren, både i leiren og ute på marka. Jamvel forposten og herjeflokken skalv av skrekk, og jorda riste. Det var Gud som slo alle med redsle.

16. Vaktpostane til Saul i Gibea i Benjamin såg at fiendehæren var i oppløysing og bylgja hit og dit.

17. Då sa Saul til folket som var med han: «Hald mønstring og finn ut kven av våre som vantar.» Så heldt dei mønstring, og det synte seg at Jonatan og våpensveinen hans var borte.

18. Då sa Saul til Akia: «Kom hit med Guds paktkiste!» For Guds paktkiste var på den tid hjå israelittane.

19. Men medan Saul tala med presten, auka ståket i filistarleiren meir og meir, og han sa til presten: «Nei, lat det vera!»

20. Så samla Saul alt folket sitt. Men då dei kom dit striden stod, fekk dei sjå at filistarane hadde vendt sverda mot kvarandre, og alt var i røre.

21. Dei hebrearane som til no hadde stått under filistarane, og som hadde vore med dei på hærferdene deira, gjekk over til israelittane som fylgde Saul og Jonatan.