Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 14:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ein dag sa Jonatan, son åt Saul, til våpensveinen sin: «Kom, lat oss fara over til filistarforposten der borte på hi sida!» Men han nemnde det ikkje for far sin.

2. Saul låg då i utkanten av Gibea, under granatapalen i Migron. Folket som var med han, talde om lag seks hundre mann.

3. Der var òg Akia, son til Akitub, som var bror til Ikabod, son til Pinhas og soneson til Eli, Herrens prest i Sjilo; det var han som då bar efoden. Folket visste ikkje at Jonatan hadde gått.

4. På kvar side av skaret der Jonatan prøvde å koma over til filistarforposten, var det ein berghamar. Den eine heiter Boses og den andre Senne.

5. Den eine av desse hamrane stig rett opp på nordsida, midt for Mikmas, den andre på sørsida, midt for Geba.

6. Så sa Jonatan til våpensveinen sin: «Kom, lat oss fara over til forposten åt desse uomskorne! Herren hjelper oss nok. For ingen ting kan hindra Herren i å gje siger, anten vi er mange eller få.»

7. Våpensveinen svara: «Gjer alt det du har i tankar. Gå berre på! Eg fylgjer deg kvar du vil.»

8. Då sa Jonatan: «No går vi bortover til karane, så langt at dei får auga på oss.

9. Seier dei då: Stå stille til vi kjem bortåt dykk, så stoggar vi der vi er, og går ikkje opp til dei.