Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 13:5-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Filistarane samla seg til strid mot Israel; dei hadde tre tusen vogner og seks tusen hestfolk, og fotfolk så mange som sanden på havsens strand. Dei kom og slo leir ved Mikmas, midt for Bet-Aven.

6. Då no israelittane såg kva fare dei var i fordi fiendehæren trengde på, gøymde folket seg i holer, hellerar og bergskorter, i kjellarar og brunnar.

7. Nokre av dei rømde over Jordan til Gad- og Gilead-landet.Saul var framleis i Gilgal, og alt folket fylgde han, skjelvande av redsle.

8. Han venta i sju dagar, til den tida Samuel hadde fastsett. Men Samuel kom ikkje til Gilgal, og folket tok til å spreia seg og gå frå Saul.

9. Då sa han: «Kom hit med brennofferet og måltidsofferet!» Så bar han fram brennofferet.

10. Men då han det hadde gjort, kom Samuel. Saul gjekk til møtes med han og ville helsa han velkomen.

11. Men Samuel sa: «Kva har du gjort?» Saul svara: «Eg såg at folket tok til å spreia seg og gå frå meg. Du kom ikkje til fastsett tid, og filistarane samla seg ved Mikmas.

12. Då tenkte eg: No kjem filistarane ned til Gilgal og tek på meg før eg har fått be Herren om velvilje. Så våga eg meg til å bera fram brennofferet.»