Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 13:3-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Jonatan slo i hel vaktpostane åt filistarane i Gibea. Då filistarane fekk melding om det, sa dei: «Hebrearane har gjort opprør.» Men Saul lét hornet ljoma over heile landet.

4. Heile Israel fekk høyra at Saul hadde slege i hel vaktpostane åt filistarane, og at filistarane hadde vorte hatige på israelittane. Då vart folket kalla ut; dei skulle fylgja Saul til Gilgal.

5. Filistarane samla seg til strid mot Israel; dei hadde tre tusen vogner og seks tusen hestfolk, og fotfolk så mange som sanden på havsens strand. Dei kom og slo leir ved Mikmas, midt for Bet-Aven.

6. Då no israelittane såg kva fare dei var i fordi fiendehæren trengde på, gøymde folket seg i holer, hellerar og bergskorter, i kjellarar og brunnar.

7. Nokre av dei rømde over Jordan til Gad- og Gilead-landet.Saul var framleis i Gilgal, og alt folket fylgde han, skjelvande av redsle.

8. Han venta i sju dagar, til den tida Samuel hadde fastsett. Men Samuel kom ikkje til Gilgal, og folket tok til å spreia seg og gå frå Saul.

9. Då sa han: «Kom hit med brennofferet og måltidsofferet!» Så bar han fram brennofferet.

10. Men då han det hadde gjort, kom Samuel. Saul gjekk til møtes med han og ville helsa han velkomen.

11. Men Samuel sa: «Kva har du gjort?» Saul svara: «Eg såg at folket tok til å spreia seg og gå frå meg. Du kom ikkje til fastsett tid, og filistarane samla seg ved Mikmas.