Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 13:19-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Den gongen fanst det ikkje ein smed i heile Israel. For filistarane ville ikkje at hebrearane skulle laga seg sverd og spyd.

20. Difor laut kvar israelitt fara ned til filistarane når han skulle ha kvesst eit plogjern eller eit plogskjer, ei øks eller ein sigd.

21. Prisen var to tredjedels sekel for plogjern og plogskjer og ein tredjedels sekel for høygaflar og øksar og for å få sett jernpigg på ein stav.

22. Såleis hadde det seg at den dagen slaget stod, fanst det korkje sverd eller spyd hjå nokon av dei som fylgde Saul og Jonatan. Berre Saul og Jonatan, son hans, hadde slike våpen.

23. Filistarane lét ein forpost rykkja fram til Mikmas-skaret.