Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 13:12-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Då tenkte eg: No kjem filistarane ned til Gilgal og tek på meg før eg har fått be Herren om velvilje. Så våga eg meg til å bera fram brennofferet.»

13. Då sa Samuel til Saul: «Du har bore deg uvitug åt. Du har ikkje halde deg etter det bodet som Herren din Gud gav deg. For då ville Herren ha stadfest kongedømet ditt over Israel for alle tider.

14. Men no skal kongedømet ditt ikkje stå ved lag. Herren har leita seg ut ein mann etter sitt hjarta. Og han har Herren kalla til fyrste over folket sitt. For du har ikkje halde deg etter det Herren baud deg.»

15. Så gjorde Samuel seg ferdig; han tok ut frå Gilgal og fór opp til Gibea i Benjamin.Då Saul mønstra folket som hadde samla seg rundt han, var det om lag seks hundre mann.

16. Saul og Jonatan, son hans, låg ved Geba i Benjamin med det folket som hadde samla seg rundt dei, og filistarane hadde slege leir ved Mikmas.

17. Frå filistarleiren drog det ut ein herjeflokk. Han var delt i tre lag. Eitt lag tok vegen mot Ofra i Sjual-bygda,

18. eitt stemnde mot Bet-Horon og eitt mot den bygda som ligg ovanfor Hyenedalen, bort imot øydemarka.

19. Den gongen fanst det ikkje ein smed i heile Israel. For filistarane ville ikkje at hebrearane skulle laga seg sverd og spyd.

20. Difor laut kvar israelitt fara ned til filistarane når han skulle ha kvesst eit plogjern eller eit plogskjer, ei øks eller ein sigd.

21. Prisen var to tredjedels sekel for plogjern og plogskjer og ein tredjedels sekel for høygaflar og øksar og for å få sett jernpigg på ein stav.

22. Såleis hadde det seg at den dagen slaget stod, fanst det korkje sverd eller spyd hjå nokon av dei som fylgde Saul og Jonatan. Berre Saul og Jonatan, son hans, hadde slike våpen.