1. Saul var tretti år gamal då han vart konge, og han var konge over Israel i to år.
2. Saul valde seg ut tre tusen mann av Israel. Av dei hadde han to tusen hjå seg ved Mikmas og i Betel-heiane, og eitt tusen var med Jonatan ved Gibea i Benjamin. Resten av folket sende han heim att.
3. Jonatan slo i hel vaktpostane åt filistarane i Gibea. Då filistarane fekk melding om det, sa dei: «Hebrearane har gjort opprør.» Men Saul lét hornet ljoma over heile landet.
4. Heile Israel fekk høyra at Saul hadde slege i hel vaktpostane åt filistarane, og at filistarane hadde vorte hatige på israelittane. Då vart folket kalla ut; dei skulle fylgja Saul til Gilgal.
5. Filistarane samla seg til strid mot Israel; dei hadde tre tusen vogner og seks tusen hestfolk, og fotfolk så mange som sanden på havsens strand. Dei kom og slo leir ved Mikmas, midt for Bet-Aven.
6. Då no israelittane såg kva fare dei var i fordi fiendehæren trengde på, gøymde folket seg i holer, hellerar og bergskorter, i kjellarar og brunnar.
7. Nokre av dei rømde over Jordan til Gad- og Gilead-landet.Saul var framleis i Gilgal, og alt folket fylgde han, skjelvande av redsle.
8. Han venta i sju dagar, til den tida Samuel hadde fastsett. Men Samuel kom ikkje til Gilgal, og folket tok til å spreia seg og gå frå Saul.
9. Då sa han: «Kom hit med brennofferet og måltidsofferet!» Så bar han fram brennofferet.