Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 12:11-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Så sende Herren Jerubba’al og Bedan og Jefta og Samuel og berga dykk frå fiendane dykkar rundt ikring, så de kunne bu trygt.

12. Men då de såg at Nakasj, kongen i Ammon, kom mot dykk, sa de til meg: «Nei, vi vil ha ein konge til å styra oss» – endå Herren dykkar Gud var kongen dykkar.

13. Sjå, her er kongen som de har valt, han som de bad om. Herren har sett ein konge over dykk.

14. Vil de no ottast Herren, tena og lyda han og ikkje setja dykk opp mot hans ord, men fylgja Herren dykkar Gud, både de og kongen som rår over dykk, så er det godt.

15. Men vil de ikkje lyda Herren, og set de dykk opp mot hans ord, skal Herrens hand råka dykk som ho råka fedrane dykkar.

16. Stig no fram og sjå det store som Herren vil gjera for augo på dykk!

17. Som de veit, har vi i desse dagar kveiteskurden. No vil eg ropa til Herren, så sender han torever og regn. Då skal de skjøna og sjå kor stor ei synd de gjorde i Herrens augo då de kravde ein konge.

18. Så ropa Samuel til Herren, og han sende torever og regn den dagen. Då fekk alt folket stor age for Herren og for Samuel,

19. og dei sa til Samuel: «Bed til Herren din Gud for tenarane dine! Elles må vi døy. For attåt alle dei andre syndene våre har vi gjort den misgjerning å krevja ein konge.»

20. Då sa Samuel til folket: «Ver ikkje redde! Visst har de gjort alt dette vonde; men vik no berre ikkje frå Herren, men ten han av heile dykkar hjarta!

21. Vik ikkje frå han! Fylg ikkje gagnlause gudar, som korkje kan hjelpa eller frelsa; reine inkjevetta er dei.