Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 10:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så tok Samuel ei krukke med olje og rende ut over hovudet hans og kyste han og sa: «No har Herren salva deg til fyrste over eigedomen sin.

2. Når du går frå meg i dag, møter du to menn ved Rakels grav i Selsak i Benjamins-landet. Dei seier til deg: Eselhoppene som du har vore på leit etter, er komne til rettes. Far din tenkjer ikkje meir på dei, men no er han illhuga for dykk og seier: Kva skal eg gjera for son min?

3. Når du held fram derifrå og kjem til Tabor-eika, møter du tre menn som er på veg opp til Betel, der dei vil tilbe Gud. Den eine ber tre kje, den andre tre brød og den tredje ei hit med vin.

4. Dei helsar på deg og gjev deg to brød, som du skal ta imot.

5. Sidan kjem du til Guds Gibea, der filistarane har vaktpostane sine. Når du kjem til byen, råkar du ein flokk profetar som er på veg ned frå haugen. Føre dei går det nokre som slår på tromme og spelar på harpe, fløyte og lyre, og sjølve er dei i profetisk glød.

6. Då kjem Herrens Ande over deg, så du òg kjem i profetisk glød liksom dei og vert eit anna menneske.

7. Når du ser desse teikna, så gjer berre det som kjem for deg! For Gud er med deg.

8. Far føre meg ned til Gilgal! Der vil eg koma til deg og bera fram brennoffer og måltidsoffer. Sju dagar må du venta før eg kjem og seier kva du skal gjera.»

9. Så bad Saul farvel med Samuel og gjekk sin veg. Då gav Gud han eit anna hjarta, og same dagen hende alt det som Samuel hadde varsla.

10. På vegen til Gibea møtte han ein flokk profetar. Då kom Guds Ande over han, og han vart gripen av profetisk glød midt imellom dei.

11. Alle som kjende han frå før, såg at han tala profetisk saman med profetane, og dei sa til kvarandre: «Kva er det som har hendt med son til Kisj? Er Saul òg mellom profetane?»

12. Ein mann der på staden sa: «Kven er då far til desse?» Såleis kom det ordtaket opp: «Er Saul òg mellom profetane?»

13. Då den profetiske gløden hadde sige av Saul, og han kom til offerhaugen i Gibea,

14. sa farbror hans til han og tenestguten hans: «Kvar har de vore?» Han svara: «Vi har vore av og leita etter eselhoppene, og då vi ikkje såg noko til dei, gjekk vi til Samuel.»