Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Peter 1:8-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Og han elskar de, endå de ikkje har sett han; han trur de på, endå de no ikkje ser han. Og de jublar og er fylte av ei glede så herleg at ho ikkje kan tolkast med ord;

9. for de skal nå målet for trua: frelse for sjelene.

10. Denne frelsa var det profetane grunda på og granska, då dei spådde om den nåden de skulle få.

11. Dei freista å finna ut kva tid Kristi Ande, som var i dei, viste fram til, og korleis den tida skulle vera. Anden vitna om korleis Kristus skulle lida og sidan opphøgjast i herlegdom.

12. Det vart openberra for dei at det ikkje var seg sjølve, men dykk dei tente med bodskapen sin. Og denne bodskapen har de no fått høyra av dei som forkynte evangeliet for dykk ved Den Heilage Ande, som er send frå himmelen. Dette er ting som jamvel englar lengtar etter å sjå inn i.

13. Så spenn då beltet om livet, ver budde i hug og tanke og hald dykk vakne! Set dykkar von fullt og fast til den nåden de skal få når Jesus Kristus openberrar seg.