Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 9:22-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Kam, far til Kanaan, fekk sjå far sin naken, og han gjekk ut og fortalde det til dei to brørne sine.

23. Då tok Sem og Jafet ei kappe og la over akslene sine. Så gjekk dei baklengs inn og breidde over far sin. Dei vende andletet bort, så dei ikkje såg far sin naken.

24. Då Noah vakna av rusen og fekk vita kva den yngste sonen hadde gjort mot han,

25. sa han:«Forbanna vere Kanaan,den ringaste trælen ¬for brørne sine!»

26. Og han sa:«Lova vere Herren, Sems Gud!Kanaan skal vera hans træl!

27. Måtte Gud ¬gjera Jafets land stort!Han skal bu i Sems telt,og Kanaan skal vera hans træl.»

28. Etter storflaumen levde Noah endå 350 år.

29. Heile levetida åt Noah vart 950 år. Så døydde han.