Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 9:12-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Og Gud sa:«Dette er teiknet ¬på pakta eg skiparmellom meg og dykkog kvar levande skapning ¬som hjå dykk er,for ætter som kjem i alle tider:

13. Eg set bogen min i skyene;han skal vera eit teikn på paktamellom meg og jorda.

14. Når eg samlar skyer over jorda,og bogen syner seg i skyene,

15. då skal eg koma i hug den paktasom er mellom meg og dykkog kvar levande skapning.Aldri meir skal vatnet vertatil ein storflaum ¬som tyner alt liv.

16. Bogen skal koma i skyene;eg skal sjå han og minnastden pakta som alltid skal veramellom Gud ¬og kvar levande skapningsom rører seg på jorda.»

17. Gud sa til Noah: «Dette er teiknet på den pakta eg skipar mellom meg og alt liv som finst på jorda.»