Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 9:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Gud velsigna Noah og sønene hans og sa til dei: «De skal veksa og aukast og fylla jorda.

2. Otte og age skal dei kjenna for dykk, alle dyra på jorda, alle fuglane under himmelen, alt som rører seg på marka, og alle fiskane i havet; de skal ha rådvelde over dei.

3. Alt som lever og rører seg, skal vera til føde for dykk. Liksom eg gav dykk dei grøne plantene, gjev eg dykk no alt dette.

4. Men kjøt med blod i, det som livet er knytt til, skal de ikkje eta.

5. Berre for dykkar blod vil eg krevja hemn. Eg vil krevja både dyr og menneske til rekneskap. Eg vil krevja kvar mann til rekneskap når han tek livet av nesten sin.

6. Den som tek menneskeblod,hans blod skal menneske ta;for i sitt bilete ¬skapte Gud mennesket

7. Men de skal veksa og aukast,myldra på jorda ¬og verta mange der.»

8. Så sa Gud til Noah og sønene hans:

9. «No vil eg gjera ei pakt med dykk og etterkomarane dykkar