Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 8:8-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Så sende Noah ut ei due; han ville sjå om vatnet hadde sige unna frå marka.

9. Men dua fann ingen stad der ho kunne kvila foten sin, og kom attende til han i arka; for det stod vatn over heile jorda. Han rette ut handa, greip dua og tok henne inn til seg i arka.

10. Han venta sju dagar til og sende så dua ut att or arka.

11. Då det leid til kvelds, kom dua til han med eit grønt oljeblad i nebben. Då skjøna Noah at vatnet hadde sige bort frå jorda.

12. Men han venta endå sju dagar. Så sleppte han ut dua, og då kom ho ikkje att meir.

13. I det året Noah fylte 601 år, den fyrste dagen i den fyrste månaden, hadde vatnet turka bort frå jorda. No tok Noah taket av arka, og då han såg utover, var jorda turr.

14. Den tjuesjuande dagen i den andre månaden var ho heilt turr.

15. Då sa Gud til Noah:

16. «Gå ut or arka, du og kona di og sønene og sonekonene dine med deg!

17. Ta med deg alle dyra som er hjå deg, alt som lever, både fugl og fe og alt krypet som krælar på jorda! Dei skal yrja på jorda og alast og aukast.»