Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 8:12-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Men han venta endå sju dagar. Så sleppte han ut dua, og då kom ho ikkje att meir.

13. I det året Noah fylte 601 år, den fyrste dagen i den fyrste månaden, hadde vatnet turka bort frå jorda. No tok Noah taket av arka, og då han såg utover, var jorda turr.

14. Den tjuesjuande dagen i den andre månaden var ho heilt turr.

15. Då sa Gud til Noah:

16. «Gå ut or arka, du og kona di og sønene og sonekonene dine med deg!

17. Ta med deg alle dyra som er hjå deg, alt som lever, både fugl og fe og alt krypet som krælar på jorda! Dei skal yrja på jorda og alast og aukast.»

18. Så gjekk Noah ut, og sønene hans og kona og sonekonene hans saman med han.

19. Og alle villdyr og husdyr og fuglar og alt krypet som krælar på jorda, det eine slaget etter det andre, gjekk ut or arka.

20. Noah bygde eit altar for Herren og tok nokre reine dyr og nokre reine fuglar og ofra brennoffer på altaret.

21. Då Herren kjende den gode angen, tenkte han med seg: «Aldri meir vil eg forbanna jorda for menneska skuld; for menneskehjarta emnar berre på vondt alt ifrå ungdomen. Aldri meir vil eg drepa alt som lever, som eg no har gjort.

22. Så lenge jorda står,skal sånad og skurd, ¬kulde og hete,sommar og vinter, dag og nattaldri ta slutt.»