Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 7:19-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Høgare og høgare steig det over jorda, så alle dei høge fjella under himmelen vart gøymde.

20. Femten alner steig det over fjella, og dei vart borte.

21. Då døydde alt liv som rørte seg på jorda, både fugl og fe og villdyr, alt krypet som krælar på jorda, og alle menneska.

22. Alt som hadde livspust i nasen, alt som levde på landjorda, døydde.

23. Såleis rudde Herren ut kvar levande skapning på jorda, både folk og fe og kryp og fuglane under himmelen; alt vart utrudt frå jorda. Berre Noah og dei som var med han i arka, vart att.

24. Og vatnet flødde over jorda i hundre og femti dagar.