Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 7:10-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Då no dei sju dagane var lidne, kom storflaumen over jorda.

11. I det året då Noah fylte 600 år, den syttande dagen i den andre månaden, braut alle kjelder frå det store havdjupet fram, og himmellukene opna seg.

12. Og regnet strøymde ned på jorda i førti dagar og førti netter.

13. Den dagen gjekk Noah inn i arka, og Sem, Kam og Jafet, sønene til Noah, og kona til Noah og dei tre sonekonene hans,

14. dei og alle slag villdyr, alle slag fe og alle slag kryp som krælar på jorda, alle slag fuglar og alle dyr som har venger å flyga med.

15. Dei kom inn i arka til Noah, to og to av alle skapningar som har livsande i seg.

16. Hann og ho av alt som lever, kom inn til han, som Gud hadde sagt. Og Herren lét att døra etter han.

17. No fløymde vatnet over jorda i førti dagar. Det steig og lyfte arka, så ho flaut opp frå jorda.

18. Ja, vatnet auka uhorveleg på jorda, og arka flaut på vatnet.

19. Høgare og høgare steig det over jorda, så alle dei høge fjella under himmelen vart gøymde.

20. Femten alner steig det over fjella, og dei vart borte.

21. Då døydde alt liv som rørte seg på jorda, både fugl og fe og villdyr, alt krypet som krælar på jorda, og alle menneska.