Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 6:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Menneska tok til å aukast på jorda, og dei fekk døtrer.

2. Gudesønene såg at menneskedøtrene var vene og tok nokre av dei til koner, dei som dei helst ville ha.

3. Då sa Herren: «Min ande skal ikkje for alltid bu i menneska; for dei er berre veike skapningar. Levetida deira skal vera 120 år.»

4. På den tid, og sidan òg, var det kjemper på jorda. For gudesønene levde saman med menneskedøtrene og fekk born med dei. Det var dei veldige mennene frå eldgamal tid, dei namngjetne.

5. Herren såg at vondskapen var stor hjå menneska på jorda. Alle tankar som rørte seg i hjarto deira, var vonde dagen lang.

6. Då angra Herren at han hadde skapt menneska på jorda, og han var full av sorg i hjarta sitt.

7. Han sa: «Eg vil rydja ut av jorda menneska som eg har skapt, ja, ikkje berre menneska, men feet og krypdyra og fuglane under himmelen òg. For eg angrar at eg har skapt dei.»

8. Men Noah fann nåde hjå Herren.

9. Dette er soga om Noah og ætta hans. Noah var ein rettferdig og ulastande mann mellom dei som levde på den tid. Han ferdast med Gud.

10. Noah fekk tre søner: Sem, Kam og Jafet.

11. Men jorda vart verre og verre i Guds augo; ho vart full av urett.

12. Då Gud såg på jorda, var ho utskjemd; for alle menneske over heile jorda gjekk på vonde vegar.

13. Då sa Gud til Noah: «Eg har sett meg føre å gjera ende på kvar levande skapning; for dei har fylt jorda med urett. No vil eg rydja dei ut av jorda.