1. Då kasta Josef seg ned over andletet åt far sin, gret og kyste han.
2. Og Josef bad dei lækjarane han hadde i si teneste, å balsamera faren; og lækjarane balsamerte Israel.
3. Førti dagar gjekk med til det; for så lang tid tek det å balsamera eit lik. Og egyptarane gret over han i sytti dagar.
4. Då syrgjetida var ute, sa Josef til hoff-folket åt farao: «Har de godvilje for meg, så tal mi sak hjå farao og sei:
5. Far min tok ein eid av meg og sa: Når eg no døyr, må du leggja meg i den grava eg lét grava åt meg i Kanaan. Lat meg difor fara opp og gravleggja far min, og så koma hit att!»
6. Farao sa: «Far berre opp og gravlegg far din, som du har lova han!»