Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 46:26-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Dei som kom med Jakob til Egypt, og som var ætta frå han, var 66 i alt, forutan sonekonene hans.

27. Og sønene til Josef, som han fekk i Egypt, var to. Alle som kom til Egypt av Jakobs-ætta, var 70 i talet.

28. Jakob sende Juda føre seg til Josef; han skulle visa veg til Gosen. Då dei kom dit,

29. lét Josef setja føre vogna si og fór til Gosen, til møtes med Israel, far sin. Med det same han fekk sjå han, kasta han seg om halsen på han. Han gret lenge, med armane kring halsen hans.

30. Då sa Israel til Josef: «No vil eg gjerne døy, sidan eg har sett deg i andletet og veit at du enno er i live.»

31. Josef sa til brørne sine og til farsfolket sitt: No fer eg til farao og fortel han dette. Eg vil seia til han: Brørne mine og farsfolket mitt, som var i Kanaan, har kome hit til meg.

32. Desse mennene er gjætarar, dei har alltid drive med feal. Og no har dei teke med seg småfeet og storfeet sitt og alt det dei eig.

33. Når så farao kallar dykk til seg og spør: «Kva har de til leveveg?»

34. skal de svara: «Tenarane dine har drive med feal frå ungdomen og til no, vi som fedrane våre.» Då får de bu i Gosen. For alle gjætarar er ein styggedom for egyptarane.