Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 45:7-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Men Gud sende meg føre dykk fordi han ville leiva ein rest av dykk på jorda og berga mange levande gjennom nauda.

8. Så er det ikkje de som har sendt meg hit, men Gud. Han har sett meg til far for farao, til herre over heile hans hus og til styrar over heile Egypt.

9. Skunda dykk no og dra heim att til far og sei: Så seier Josef, son din: «Gud har sett meg til herre over heile Egypt. Kom ned til meg, og dryg ikkje!

10. Du skal få bu i Gosen og vera der eg er, både du og borna og barneborna dine, med småfe og storfe og alt det du eig.

11. Og eg skal syta for deg der – for enno kjem det fem uår – så korkje du eller huslyden din eller nokon av dine skal lida naud.»

12. No ser de med eigne augo, både de og Benjamin, bror min, kven det er som talar med dykk.

13. Ber då bod til far min om all den ære og makt eg har i Egypt, og om alt de har sett! Og skunda dykk og kom hit ned med far!

14. Så kasta Josef seg om halsen på Benjamin, bror sin, og gret; og Benjamin gret i armane hans.

15. Han kyste alle brørne sine og gret medan han tok dei i famn. Sidan tala brørne med han.

16. Då det spurdest i kongsgarden at brørne hans Josef var komne, vart farao og mennene hans fegne.

17. Og farao sa til Josef: «Sei til brørne dine: Så skal de gjera: Kløvja på dyra dykkar og far heim att til Kanaan!

18. Så skal de ta far dykkar og huslydane dykkar og koma til meg. Eg vil gje dykk det gode som finst i Egypt; de skal få eta av det beste i landet.