Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 45:23-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Sameleis sende han far sin ti esel med noko av det beste som fanst i Egypt, og ti eselhopper med korn og brød og mat til faren på ferda.

24. Så bad Josef farvel med brørne sine, og dei fór av stad. Han sa til dei: «Lat det ikkje verta trette på vegen!»

25. Så tok dei ut frå Egypt og kom heim att til Jakob, far sin, i Kanaan.

26. Dei bar fram bodet til han og sa: «Josef er enno i live. Han er jamvel styrar over heile Egypt.» Men far deira var like kald i hjarta; for han trudde dei ikkje.

27. Så fortalde dei han alt det Josef hadde sagt til dei, og han såg vognene som Josef hadde sendt til å henta han i. Då kvikna han til att, Jakob, far deira.

28. «Dette er stort!» sa Israel. «Josef, son min, er enno i live! Eg vil av og sjå han før eg døyr.»