Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 45:17-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Og farao sa til Josef: «Sei til brørne dine: Så skal de gjera: Kløvja på dyra dykkar og far heim att til Kanaan!

18. Så skal de ta far dykkar og huslydane dykkar og koma til meg. Eg vil gje dykk det gode som finst i Egypt; de skal få eta av det beste i landet.

19. Og du skal seia frå at dette skal dei gjera: Ta med dykk vogner frå Egypt til kvinnene og borna! Henta så far dykkar og kom hit!

20. De skal ikkje kvida dykk om de må fara frå eignelutene dykkar. For det beste som finst i heile Egypt, skal høyra dykk til.»

21. Israels-sønene gjorde så. Og Josef gav dei vogner, som farao hadde sagt, og lét dei få med seg niste på vegen.

22. Dei fekk alle kvar sin høgtidsbunad. Men Benjamin gav han tre hundre sekel sølv og fem høgtidsbunader.

23. Sameleis sende han far sin ti esel med noko av det beste som fanst i Egypt, og ti eselhopper med korn og brød og mat til faren på ferda.

24. Så bad Josef farvel med brørne sine, og dei fór av stad. Han sa til dei: «Lat det ikkje verta trette på vegen!»

25. Så tok dei ut frå Egypt og kom heim att til Jakob, far sin, i Kanaan.