Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 42:7-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Med det same Josef fekk sjå brørne sine, kjende han dei att, men gjorde som han var framand for dei. Han tala strengt til dei og sa: «Kvar kjem de frå?» Dei svara: «Vi kjem frå Kanaan og vil kjøpa korn.»

8. Josef kjende att brørne sine, men dei kjende ikkje han.

9. Då kom Josef i hug det han hadde drøymt om dei. Og han sa: «De er spionar som kjem og vil sjå kvar landet er lettast å ta.»

10. «Nei, herre,» svara dei, «tenarane dine vil berre kjøpa korn.

11. Vi er alle sønene til ein og same mannen. Vi er ærlege folk og ikkje spionar.»

12. «Jau,» sa han, «de kjem og vil sjå kvar landet er lettast å ta.»

13. Då sa dei: «Tenarane dine var tolv brør, sønene til éin mann i Kanaan. Den yngste er heime hjå far, og ein av oss lever ikkje lenger.»

14. Men Josef sa til dei: «Det er som eg har sagt: De er spionar.

15. Men no vil eg setja dykk på prøve: Så sant farao lever, de slepp ikkje herifrå utan at yngste bror dykkar kjem hit!

16. Ein av dykk skal fara i veg og henta bror dykkar, medan de andre vert verande her som fangar! Så vil det visa seg om de talar sant. Gjer de ikkje det, er de spionar, så visst som farao lever.»

17. Så heldt han dei fengsla i tre dagar.

18. Tredje dagen sa Josef til dei: «Gjer no som eg seier, så skal de få leva! Eg er ein mann som har age for Gud.

19. Dersom de er ærlege folk, så lat ein av brørne vera att her i fengslet, medan de andre fer i veg med korn til livberging for dei som er heime.

20. Kom så hit til meg med yngste bror dykkar! Då vil eg tru dykk, og de skal sleppa å døy.» Og dei så gjorde.

21. Dei sa seg imellom: «Sanneleg, vi må bøta for det vi gjorde mot bror vår. Vi såg kor hjarteredd han var då han bad så fint for seg; og likevel ville vi ikkje høyra på han. Difor er vi no komne i slik naud.»

22. Då tok Ruben til ords og sa til dei: «Var det ikkje det eg sa, at de ikkje skulle fara så stygt med guten? Men de ville ikkje høyra. Og no krevst det hemn for blodet hans.»

23. Dei visste ikkje at Josef skjøna dette; for han bruka tolk når han tala med dei.

24. Og han snudde seg frå dei og gret. Så kom han att og tala med dei. Og han tok Simeon ut or flokken og batt han så dei såg på.

25. Sidan sa Josef frå til folka sine at dei skulle fylla sekkene deira med korn, leggja pengane åt kvar av dei atti sekkene og gje dei niste med på vegen. Og det vart gjort.

26. Så leste dei kornet på esla og tok ut.