Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 41:47-57 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

47. Jorda bar så det bogna dei sju åra det var overflod.

48. Og han samla allslags grøde i dei sju gode åra i Egypt og lagra henne i byane. I kvar by lagra han grøda frå markene der ikring.

49. Josef hauga opp korn i store mengder – som havsens sand – til dei gav opp å halda tal på det; for det var ikkje teljande.

50. Før det fyrste uåret kom, fekk Josef to søner med Asenat, dotter til Potifera, presten i On.

51. Den eldste kalla han Manasse. «For Gud har late meg gløyma all mi møde og heile mi ætt,» sa han.

52. Den andre kalla han Efraim. «For Gud har gjeve meg born i det landet der eg leid vondt,» sa han.

53. Så var dei til ende, dei sju gode åra i Egypt,

54. og dei sju uåra tok til å koma, som Josef hadde sagt. Det var naud og svolt i alle land; berre i Egypt fanst det mat.

55. Men snart tok alt folket i Egypt til å svelta, og dei ropa til farao etter brød. Og farao sa til dei: «Gå til Josef! Det han seier dykk, skal de gjera.»

56. Nauda breidde seg ut over heile landet. Då opna Josef alle lagra og selde korn til egyptarane; for nauda var hard i Egypt.

57. Og frå alle land kom det folk til Egypt og ville kjøpa korn hjå Josef; for nauda var hard over heile jorda.