Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 40:7-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Då tala han med hoffmennene åt farao, som sat i varetekt saman med han hjå herren hans, og spurde: «Kvifor er de så sturne i dag?»

8. Dei svara: «Vi har drøymt, og her er ingen som kan tyda draumane våre.» Då sa Josef til dei: «Det er Gud som rår for tyding av draumar. Sei meg kva de har drøymt!»

9. Så fortalde skjenkjarmeisteren Josef draumen sin. Han sa: «Eg såg så klårt eit vintre framfor meg.

10. Det var tre greiner på det, og så snart det tok til å skyta knuppar, spratt blomane, og klasane mogna til druer.

11. Eg heldt staupet åt farao i handa. Så tok eg druene, pressa utor dei opp i staupet og rette det til farao.»

12. Då sa Josef: «Dette er så å tyda: Dei tre greinene er tre dagar.

13. Om tre dagar skal farao opphøgja deg og setja deg inn att i stillinga di. Du skal retta staupet til farao, som du gjorde før, då du var skjenkjaren hans.

14. Gjev du ville koma meg i hug, når det går deg godt! Gjer vel og tal om meg til farao, så eg kan koma ut or dette huset!

15. For eg er stolen frå Hebrear-landet, og her har eg ikkje gjort noko som dei skulle setja meg i fengsel for.»

16. Då bakarmeisteren såg at Josef hadde gjeve så god ei tyding, sa han til han: «Eg òg hadde ein draum. Eg tykte eg bar tre korger med kveitebrød på hovudet.

17. I den øvste korga var det allslags kaker, som var baka åt farao. Men fuglane åt dei or korga på hovudet mitt.»

18. Josef svara: «Dette er så å tyda: Dei tre korgene er tre dagar.

19. Om tre dagar skal farao opphøgja deg; han skal hengja deg i eit tre, og fuglane skal eta kjøtet av kroppen din.»

20. Tredje dagen – det var fødselsdagen til farao – heldt han eit gjestebod for alle mennene sine. Då opphøgde han skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren midt imellom mennene sine.

21. Skjenkjarmeisteren sette han inn att i stillinga hans, så han fekk retta staupet til farao,