Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 40:16-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Då bakarmeisteren såg at Josef hadde gjeve så god ei tyding, sa han til han: «Eg òg hadde ein draum. Eg tykte eg bar tre korger med kveitebrød på hovudet.

17. I den øvste korga var det allslags kaker, som var baka åt farao. Men fuglane åt dei or korga på hovudet mitt.»

18. Josef svara: «Dette er så å tyda: Dei tre korgene er tre dagar.

19. Om tre dagar skal farao opphøgja deg; han skal hengja deg i eit tre, og fuglane skal eta kjøtet av kroppen din.»

20. Tredje dagen – det var fødselsdagen til farao – heldt han eit gjestebod for alle mennene sine. Då opphøgde han skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren midt imellom mennene sine.

21. Skjenkjarmeisteren sette han inn att i stillinga hans, så han fekk retta staupet til farao,

22. og bakarmeisteren hengde han. Det gjekk som Josef hadde sagt då han tydde draumane deira.

23. Men skjenkjarmeisteren tenkte ikkje meir på Josef; han gløymde han.