Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 40:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ei tid etter hende det at skjenkjaren og bakaren åt kongen i Egypt forsåg seg mot herren sin, egyptarkongen.

2. Då vart farao harm på dei to hoffmennene sine, skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren.

3. Og han sette dei fast hjå hovdingen over livvakta, i fengslet der Josef var fange.

4. Hovdingen over livvakta sette Josef til å sjå etter dei, og han var ein trufast tenar for dei. Dei vart sitjande der i fengslet ei tid.

5. Ein gong hadde dei kvar sin draum, dei to, skjenkjaren og bakaren åt kongen i Egypt, der dei sat innestengde i fengslet. Ei og same natta drøymde dei, og draumane deira hadde kvar si meining.

6. Då Josef kom inn til dei om morgonen, såg han det på dei at dei var i ulag.

7. Då tala han med hoffmennene åt farao, som sat i varetekt saman med han hjå herren hans, og spurde: «Kvifor er de så sturne i dag?»

8. Dei svara: «Vi har drøymt, og her er ingen som kan tyda draumane våre.» Då sa Josef til dei: «Det er Gud som rår for tyding av draumar. Sei meg kva de har drøymt!»

9. Så fortalde skjenkjarmeisteren Josef draumen sin. Han sa: «Eg såg så klårt eit vintre framfor meg.

10. Det var tre greiner på det, og så snart det tok til å skyta knuppar, spratt blomane, og klasane mogna til druer.

11. Eg heldt staupet åt farao i handa. Så tok eg druene, pressa utor dei opp i staupet og rette det til farao.»