Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 39:7-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Og då det leid av ei tid, hende det at kona åt husbonden kasta augo sine på han. «Kom og ligg med meg!» sa ho.

8. Men han ville ikkje og sa til henne: «Når eg er her, treng ikkje husbonden min syta for noko i huset. Han har gjeve meg tilsyn med alt det han eig.

9. Han har ikkje meir å seia her i huset enn eg, og har ikkje nekta meg nokon ting utan deg, sidan du er kona hans. Korleis skulle eg då gjera så stygg ei gjerning og synda mot Gud?»

10. Endå ho tala til Josef dag etter dag, gjekk han ikkje med på å liggja med henne og vera i hop med henne.

11. Så hende det ein dag at han kom inn i huset og skulle gjera arbeidet sitt. Det var ingen inne av dei som høyrde huset til.

12. Då greip ho han i kappa og sa: «Kom og ligg med meg!» Men han sleppte kappa og rømde ut or huset.

13. Då ho såg at han hadde rømt frå både henne og kappa,

14. ropa ho på husfolket sitt og sa til dei: «No kan de sjå! Mannen min har drege inn i huset ein hebrear, som fer og fjasar med oss. Han kom inn og ville liggja med meg; men eg ropa så høgt eg kunne.

15. Og då han høyrde at eg sette i og ropa, sprang han frå kappa si og rømde ut or huset.»

16. Så lét ho kappa liggja der til husbonden kom heim.

17. Då sa ho det same til han: «Den hebraiske trælen som du har drege inn i huset til oss, kom inn til meg og var nærgåande.

18. Men då eg sette i og ropa, sprang han frå kappa si og rømde ut or huset.»