Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 39:6-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Så lét han Josef rå over alt det han åtte. Når Potifar hadde han, gjorde han seg inga sut for noko anna enn den maten han åt.Josef var både velvaksen og ven.

7. Og då det leid av ei tid, hende det at kona åt husbonden kasta augo sine på han. «Kom og ligg med meg!» sa ho.

8. Men han ville ikkje og sa til henne: «Når eg er her, treng ikkje husbonden min syta for noko i huset. Han har gjeve meg tilsyn med alt det han eig.

9. Han har ikkje meir å seia her i huset enn eg, og har ikkje nekta meg nokon ting utan deg, sidan du er kona hans. Korleis skulle eg då gjera så stygg ei gjerning og synda mot Gud?»

10. Endå ho tala til Josef dag etter dag, gjekk han ikkje med på å liggja med henne og vera i hop med henne.