Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 38:6-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Juda tok ei kone til Er, eldste son sin. Ho heitte Tamar.

7. Men Herren tykte ille om Er, eldste son til Juda, og laga det så at han døydde.

8. Då sa Juda til Onan: «Ta enkja etter bror din heim til deg og gift deg med henne, så du held oppe ætta åt bror din!»

9. Men Onan visste at borna ikkje skulle vera hans. Når han låg med kona til bror sin, lét han sæden spillast på jorda, så broren ikkje skulle få etterkomarar.

10. Men det Onan gjorde, var vondt i Herrens augo, og han laga det så at han òg døydde.

11. Då sa Juda til Tamar, sonekona si: «No må du sitja enkje i huset åt far din til Sjela, son min, er vaksen.» For han tenkte: «Kanskje han òg kjem til å døy liksom brørne hans.» Så fór Tamar heim att og budde hjå far sin.

12. Lang tid etter døydde dotter til Sjua, kona hans Juda. Og då syrgjetida var ute, gjekk Juda opp til Timna, til dei som klypte sauene hans, og venen hans, Hira frå Adullam, var med han.

13. Tamar fekk vita at verfar hennar var på veg opp til Timna og skulle klyppa sauene sine.

14. Då la ho av seg enkjebunaden og tok på seg eit slør, som ho sveipte vel om seg. Så sette ho seg attmed inngangen til Enajim, på vegen til Timna. For ho såg at Sjela var vaksen no, men likevel hadde ho ikkje vorte kona hans.

15. Då Juda fekk auga på henne, tenkte han det var ei skjøkje; for ho hadde sveipt til andletet.

16. Så tok han av frå vegen, gjekk bort til henne og sa: «Kom, lat meg få liggja med deg!» For han visste ikkje at det var sonekona hans. Ho sa: «Kva gjev du meg dersom du får liggja med meg?»