Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 38:12-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Lang tid etter døydde dotter til Sjua, kona hans Juda. Og då syrgjetida var ute, gjekk Juda opp til Timna, til dei som klypte sauene hans, og venen hans, Hira frå Adullam, var med han.

13. Tamar fekk vita at verfar hennar var på veg opp til Timna og skulle klyppa sauene sine.

14. Då la ho av seg enkjebunaden og tok på seg eit slør, som ho sveipte vel om seg. Så sette ho seg attmed inngangen til Enajim, på vegen til Timna. For ho såg at Sjela var vaksen no, men likevel hadde ho ikkje vorte kona hans.

15. Då Juda fekk auga på henne, tenkte han det var ei skjøkje; for ho hadde sveipt til andletet.

16. Så tok han av frå vegen, gjekk bort til henne og sa: «Kom, lat meg få liggja med deg!» For han visste ikkje at det var sonekona hans. Ho sa: «Kva gjev du meg dersom du får liggja med meg?»

17. Han svara: «Eg skal senda deg eit kje av buskapen min.» Då sa ho: «Så gjev meg eit pant til du får sendt det!»