Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 38:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. På den tid drog Juda bort frå brørne sine og slo seg ned hjå ein mann i Adullam som heitte Hira.

2. Der fekk Juda sjå dotter til ein kanaanear som heitte Sjua. Han tok henne til kone og levde saman med henne.

3. Ho vart med barn og fekk ein son, som ho kalla Er.

4. Så vart ho med barn att og fekk ein son; han kalla ho Onan.