Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 37:9-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Sidan hadde han ein annan draum, som han fortalde brørne sine. «Veit de kva eg no har drøymt?» sa han. «Sola og månen og elleve stjerner bøygde seg for meg.»

10. Men då han fortalde det til faren og brørne, skjente faren på han og sa: «Kva er det no du har drøymt? Skulle eg og mor di og brørne dine koma og bøya oss til jorda for deg?»

11. Brørne var avundsjuke på han, men faren la seg dette på minne.

12. Så var det ein gong brørne hans var av og gjætte småfeet åt faren bortmed Sikem.

13. Då sa Israel til Josef: «Gjæter ikkje brørne dine bortmed Sikem? Kom, eg vil senda deg til dei.» «Ja, gjer det!» svara han.

14. Då sa far hans: «Gå av stad og sjå korleis det står til med brørne dine og med småfeet; kom så heim att og sei meg det!» Så sende Jakob han i veg frå Hebron-dalen, og han kom til Sikem.

15. Medan han no vanka ikring på marka, møtte han ein mann. «Kva leitar du etter?» spurde mannen.

16. «Eg leitar etter brørne mine,» svara han. «Kjære, sei meg kvar dei gjæter!»

17. Mannen sa: «Dei er farne herifrå; eg høyrde dei sa: No vil vi til Dotan!» Så gjekk Josef etter brørne sine og fann dei i Dotan.

18. Dei såg han langt borte; og før han kom fram til dei, sette dei seg føre å drepa han.

19. Dei sa seg imellom: «Sjå, der kjem denne stordrøymaren!

20. No tek vi og slår han i hel! Så kastar vi han ned i ein av brunnane her og seier at eit udyr har ete han opp. Då skal vi sjå kva det vert av draumane hans.»

21. Men då Ruben høyrde det, ville han berga Josef ut or hendene deira og sa: «Vi må ikkje ta livet av han!»