Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 35:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Gud sa til Jakob: «Gjer deg ferdig, far opp til Betel og slå deg ned der! Der skal du byggja eit altar for Gud, som synte seg for deg då du rømde for Esau, bror din.»

2. Då sa Jakob til husfolket sitt og til alle dei som var med han: «Få bort dei framande gudane som finst hjå dykk, reinsa dykk og skift klede!

3. Så skal vi ta ut og fara til Betel. Der vil eg byggja eit altar for Gud, som høyrde bøna mi den gongen eg var i fare, og som var med meg på ferda mi.»

4. Då lét dei Jakob få alle dei framande gudane dei hadde hjå seg, og ringane som dei hadde i øyro. Og Jakob grov det ned under den eika som står bortmed Sikem.

5. Så tok dei ut, og ei redsle frå Gud kom over byane der ikring, så ingen sette etter Jakobs-sønene.

6. Jakob kom til Lus i Kanaan – no heiter staden Betel – både han og alt folket som var med han.

7. Der bygde han eit altar og kalla staden El-Betel; for der hadde Gud synt seg for han då han rømde for bror sin.

8. Då døydde Debora, fostermor hennar Rebekka, og ho vart gravlagd nedanfor Betel, under den store eika; den kalla dei Gråte-eika.

9. Endå ein gong synte Gud seg for Jakob, etter at han var komen heim frå Mesopotamia, og velsigna han.

10. Og Gud sa til han:«No heiter du Jakob.Men du skal ikkje lenger ¬heita Jakob;Israel skal namnet ditt vera.»Såleis fekk han namnet Israel.

11. Og Gud sa til han:«Eg er Gud Den Allmektige.Du skal veksa og aukast!Eit folk, ja, mange folkeslagskal ættast frå deg,og kongar skal ha sitt opphav ¬i deg.

12. Og det landet som eg gavAbraham og Isak,det gjev eg degog ætta di etter deg.»