Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 34:27-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

27. Sidan kom sønene til Jakob over dei falne og plyndra byen, fordi dei hadde skjemt ut syster deira.

28. Dei tok småfeet og storfeet og esla deira, både det som var i byen og det som var ute på marka.

29. Alt godset deira og alle kvinnene og borna deira førte dei bort; alt som var i husa, rana dei.

30. Då sa Jakob til Simeon og Levi: «De har gjort meg stor skade. De har valda at eg får uord på meg hjå folket i landet, hjå kanaanearane og perisittane. Eg rår då berre over ein liten flokk. Samlar dei seg imot meg, kjem dei til å slå meg og tyna både meg og mitt hus.»

31. Men dei svara: «Skulle han få fara åt med syster vår som med ei skjøkje?»