Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 33:5-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Då Esau såg opp, fekk han auga på kvinnene og borna og sa: «Kven er det du har med deg der?» Jakob svara: «Det er dei borna som Gud i nåde har gjeve tenaren din.»

6. Så kom trælkvinnene fram med borna sine og bøygde seg til jorda.

7. Og Lea kom fram med borna sine og bøygde seg. Til sist gjekk Josef og Rakel fram og bøygde seg til jorda.

8. Esau spurde: «Kva ville du med heile den flokken eg møtte?» «Eg ville vinna godvilje hjå deg,» svara han.

9. Då sa Esau: «Eg har nok, bror. Ta du vare på det som ditt er!»