Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 33:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då Jakob såg opp, fekk han auga på Esau, som kom med fire hundre mann. Då skifte han borna mellom Lea, Rakel og dei to trælkvinnene.

2. Han sette trælkvinnene og borna deira fremst, så Lea og borna hennar attanfor og Rakel med Josef attarst.

3. Sjølv gjekk han framføre dei og bøygde seg sju gonger til jorda, til dess han kom bort åt bror sin.

4. Men Esau sprang imot han og slo armane kring han, kasta seg om halsen på han og kyste han. Og dei gret.

5. Då Esau såg opp, fekk han auga på kvinnene og borna og sa: «Kven er det du har med deg der?» Jakob svara: «Det er dei borna som Gud i nåde har gjeve tenaren din.»

6. Så kom trælkvinnene fram med borna sine og bøygde seg til jorda.

7. Og Lea kom fram med borna sine og bøygde seg. Til sist gjekk Josef og Rakel fram og bøygde seg til jorda.

8. Esau spurde: «Kva ville du med heile den flokken eg møtte?» «Eg ville vinna godvilje hjå deg,» svara han.