Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 32:4-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Han baud dei: «De skal seia til Esau, herren min: Så seier Jakob, tenaren din: Eg har halde til hjå Laban og vore der til no.

5. Eg har fått oksar, esel og småfe, trælar og trælkvinner. No sender eg bod om dette til deg, herre, om eg kunne vinna godvilje hjå deg.»

6. Bodberarane kom attende til Jakob og sa: «Vi møtte Esau, bror din; men no kjem han imot deg med fire hundre mann.»

7. Då vart Jakob livande redd. Han delte folket som var med han, og småfeet, storfeet og kamelane i to flokkar.

8. For han tenkte: «Om Esau kjem over den eine flokken og slår han, kan den flokken som er att, sleppa unna.»

9. Så bad Jakob: «Du Gud åt Abraham, far min, du Gud åt Isak, far min! Herre, du som sa til meg: Far attende til landet ditt og folket ditt, så skal eg gjera vel imot deg!

10. Eg er ikkje verd all den miskunn og truskap som du har vist mot tenaren din. For med stav i hand gjekk eg over Jordan, og alt det eg har, er delt i to flokkar.

11. Fria meg no frå Esau, bror min! For eg er redd han skal koma og slå i hel meg og mine, både mor og born.

12. Du har då sjølv sagt at du alltid vil gjera vel imot meg og la ætta mi verta som havsens sand, som ingen kan telja.»

13. Og han var der den natta.Så tok han ut av alt det han åtte, ei gåve til Esau, bror sin:

14. 200 geiter og 20 bukkar, 200 sauer og 20 verar,

15. 30 mjølkekamelar med føl, 40 kyr og 10 oksar, 20 eselhopper og 10 esel.

16. Han sende trælane sine i veg med dyra, kvar flokk for seg, og sa: «Far de føre meg, og lat det vera eit godt stykke mellom flokkane!»

17. Så sa han til den fyrste trælen: «Når Esau, bror min, møter deg og spør kven du høyrer til, kvar du skal av, og kven som eig den flokken du driv,

18. då skal du seia: Jakob, tenaren din; det er ei gåve han sender til deg, Esau, herren min. Og snart kjem han sjølv etter.»

19. Såleis baud han den andre og den tredje trælen og alle dei andre som fylgde med flokkane, å tala til Esau når dei møtte han: