Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 32:28-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

28. Då sa mannen: «Du skal ikkje lenger heita Jakob, men Israel skal namnet ditt vera. For du har stridt med Gud og menneske og vunne.»

29. Då bad Jakob: «Kjære, sei meg namnet ditt!» Han svara: «Kvifor spør du etter namnet mitt?» Og han velsigna han der.

30. Jakob kalla staden Peniel. «For eg har sett Gud åsyn til åsyn og endå berga livet.»

31. Med det same han kom framom Penuel, rann sola. Og han var halt i hofta.

32. Difor er det så den dag i dag at israelittane aldri et muskelen over hofteskåla, fordi Jakob fekk eit slag på hofteskåla, over hoftemuskelen.