Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 32:20-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. «De skal seia: Snart kjem Jakob, tenaren din, etter.» For han tenkte: «Eg vil blidka han med den gåva eg sender føre meg. Sidan vil eg stiga fram for han; kanskje han då tek vel imot meg.»

21. Så fór trælane føre med gåva. Men sjølv vart Jakob verande i leiren om natta.

22. Same natta stod han opp, tok dei to konene sine, dei to trælkvinnene og dei elleve sønene og gjekk over Jabbok-vadet.

23. Han sette dei over elva, og alt det han åtte, førte han over.

24. No var Jakob åleine att. Då kom det ein mann og stridde med han, heilt til det ljosna av dag.

25. Då mannen såg at han ikkje kunne vinna over Jakob, slo han til hofta hans, så ho gjekk or led medan dei striddest.

26. Og han sa: «Slepp meg, for no dagast det!» Men Jakob svara: «Eg slepper deg ikkje utan at du velsignar meg.»

27. «Kva heiter du?» spurde mannen. «Jakob,» svara han.

28. Då sa mannen: «Du skal ikkje lenger heita Jakob, men Israel skal namnet ditt vera. For du har stridt med Gud og menneske og vunne.»