Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 32:15-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. 30 mjølkekamelar med føl, 40 kyr og 10 oksar, 20 eselhopper og 10 esel.

16. Han sende trælane sine i veg med dyra, kvar flokk for seg, og sa: «Far de føre meg, og lat det vera eit godt stykke mellom flokkane!»

17. Så sa han til den fyrste trælen: «Når Esau, bror min, møter deg og spør kven du høyrer til, kvar du skal av, og kven som eig den flokken du driv,

18. då skal du seia: Jakob, tenaren din; det er ei gåve han sender til deg, Esau, herren min. Og snart kjem han sjølv etter.»

19. Såleis baud han den andre og den tredje trælen og alle dei andre som fylgde med flokkane, å tala til Esau når dei møtte han:

20. «De skal seia: Snart kjem Jakob, tenaren din, etter.» For han tenkte: «Eg vil blidka han med den gåva eg sender føre meg. Sidan vil eg stiga fram for han; kanskje han då tek vel imot meg.»

21. Så fór trælane føre med gåva. Men sjølv vart Jakob verande i leiren om natta.

22. Same natta stod han opp, tok dei to konene sine, dei to trælkvinnene og dei elleve sønene og gjekk over Jabbok-vadet.

23. Han sette dei over elva, og alt det han åtte, førte han over.

24. No var Jakob åleine att. Då kom det ein mann og stridde med han, heilt til det ljosna av dag.

25. Då mannen såg at han ikkje kunne vinna over Jakob, slo han til hofta hans, så ho gjekk or led medan dei striddest.