Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 32:1-3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Jakob heldt fram på ferda. Då kom Guds englar imot han.

2. Med det same Jakob fekk auga på dei, sa han: «Her er Guds leir.» Og han kalla staden Mahanajim.

3. Jakob sende folk føre seg til Se’ir-landet, til Edoms-marka, med bod til Esau, bror sin.