Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 31:9-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Såleis tok Gud feet frå far dykkar og gav meg det.

10. På den tid småfeet para seg, hadde eg ein draum. Eg såg at bukkane som sprang på småfeet, var stripete, flekkete og droplete.

11. Og Guds engel sa til meg i draumen: «Jakob!» Eg svara: «Her er eg.»

12. Då sa han: «Sjå no fram for deg, så skal du få sjå at alle bukkane som spring på småfeet, er stripete, flekkete og droplete. For eg har sett korleis Laban fer åt mot deg.

13. Eg er den Gud som du såg i Betel, der du salva ein minnestein og gav meg ein lovnad. Gjer deg no ferdig og far ut or dette landet og attende til heimlandet ditt!»

14. Då tok Rakel og Lea til ords og sa til han: «Har vi enno arv og lut i huset åt far vår?

15. Har han ikkje rekna oss for framande? Han har då selt oss og sjølv øydt opp det han fekk for oss.

16. Ja, all den rikdomen Gud har teke frå far vår, høyrer oss og borna våre til. Gjer no berre alt det Gud har sagt til deg!»

17. Så gjorde Jakob seg ferdig og sette borna og konene sine opp på kamelane.