Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Mosebok 31:42-51 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

42. Hadde ikkje Gud åt far min vore med meg, Abrahams Gud og Isaks Redsle, så hadde du visseleg no sendt meg tomhendt bort. Men Gud har sett mi naud og mitt strev, og i natt har han felt sin dom.»

43. Då tok Laban til ords og sa til Jakob: «Døtrene er mine, borna er mine, og buskapen er min. Alt det du ser, er mitt. Kva kunne eg i dag gjera for desse døtrene mine eller borna som dei har fått?

44. Kom no, lat oss gjera ei pakt med einannan! Den skal vera vitne mellom meg og deg.»

45. Då tok Jakob ein stein og reiste han til ein minnestein.

46. Og han sa til frendane sine: «Sanka i hop stein!» Så tok dei steinar og laga ei røys; og dei heldt måltid der attmed røysa.

47. Laban kalla henne Jegar-Sahaduta, og Jakob kalla henne Gal-Ed.

48. Laban sa: «Denne røysa skal i dag vera vitne mellom meg og deg.» Difor kalla dei henne Gal-Ed

49. og Mispa, for han sa: «Herren skal vakta på meg og deg, når vi ikkje ser einannan lenger.

50. Fer du ille med døtrene mine, eller tek du deg andre koner attåt dei, så skal du vita at Gud er vitne mellom meg og deg, om det ikkje er eit menneske til stades.»

51. Då sa Laban til Jakob: «Sjå, denne steinrøysa og minnesteinen har eg reist mellom meg og deg!